Hopp til innhold
X
Innhald

Handel og gjestgiveri på Njøsasanden

Njøsasanden eller Hermansverk i 1935. Til venstre ser vi hermetikkfabrikken Viking og Drægni-fabrikken. Foto: K. Harstad Kunstforlag. Eigar: Jan Erik Lie/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Njøsasanden eller Hermansverk i 1935. Til venstre ser vi hermetikkfabrikken Viking og Drægni-fabrikken. Foto: K. Harstad Kunstforlag. Eigar: Jan Erik Lie/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Øyra aust for Henjaelva vert kalla Njøsasanden, og her stod frå gamalt av båtnausta til gardane på Njøs. I 1776 fekk Aamund Monsen borgarbrev på at han kunne starte handel på Njøsasanden. I 1810 tok sonen Nils Aamundsen over handelen, og starta også gjestgiveri. I 1833 tok Herman Brun over handel og gjestgiveri.

Området på Njøsasanden vart frå 1844 kalla for «Hermansverk» etter Herman Brun. Også Ola Knutson Kvammen er registrert som handelsmann på Njøsasanden i første halvdel av 1800-talet.

Herman Brun - namngjevar til eit bygdesenter

I 1833 kom Herman Brun frå Bergen og tok over handelen og gjestgiveriet på Njøsasanden. Det var denne «Herman» som skulle gje det nye bygdesenteret namn etter seg sjølv - Hermansverk.

Hermansverk får hotell

I 1882 tok Johan Herman Brun over på Hanehaug og Hermansverk. I 1884 skøytte han eigedomane på Hermansverk over til broren Hans Johannes Brun sin svigerson Peter Johan Fretheim som dreiv butikken vidare under firmanamnet P. I. Fretheim. Sjølv dreiv Johan Herman Brun butikken på Hanehaug til han gjekk konkurs i 1893.

Forretningsfamilien Knutsen tek over Hermansverk

Knutsen-familien stamma frå Bergens-kanten. Den tok etter Fretheim-konkursen over det meste på Hermansverk og dreiv handel og damspkipskai, hotell, slakteri og pølsefabrikk, bygde ein stor hermetikkfabrikk med elektrisitetsverk, mølle, sagbruk, høvleri og trelastlager.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.08.2011