Hopp til innhold
X
Innhald

Handels- og gjestgjevarstader i Leikanger

Hanehaug, der det var gjestgiveri frå 1600-talet. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hanehaug, der det var gjestgiveri frå 1600-talet. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Gjestgiveri og handel på Hanehaug

Hanehaug er neset der kaia på Leikanger ligg i i dag. Her var det skysstasjon og truleg også gjestgiveri frå midten av 1600-talet.

Handel og gjestgiveri på Henjasanden

Kring 1700 vert det nemnt at Kristian Torkildsen Been og kona Gjøa dreiv ein slags handel på Henjasanden, og nokre år seinare dreiv også Anders Ivarson Bjøstad og kona Sittona handel der.

Handel og gjestgiveri på Njøsasanden

Øyra aust for Henjaelva vert kalla Njøsasanden, og her stod frå gamalt av båtnausta til gardane på Njøs. I 1776 fekk Aamund Monsen borgarbrev på at han kunne starte handel på Njøsasanden. Området på Njøsasanden vart frå 1844 kalla for «Hermansverk» etter Herman Brun.

Sjå meir under: Hotell og gjestgjevarar i Leikanger og Landhandlar i Leikanger.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.08.2011