Hopp til innhold
X
Innhald

Hanehaug

Hanehaug er neset der kaia på Leikanger ligg i i dag. Her var det skysstasjon (sjå: Ferdsla på fjorden i Leikanger) og truleg også gjestgiveri frå midten av 1600-talet. Den første kjende gjestgjevaren var Jon Tomasson Fosse (1718-1769). Då han døydde, vart enkja Kari gift opp att med Gjert Nilsson Falk. Etter nokre år gav dei seg med gjestgiveriet på Hanehaug og flytta til Balestrand.

Så overtok bror til Jon Fosse, Tomas Fosse (1731-1785). Etter han var det truleg Eirik Oddmundson Njøs (1755-1821) som var gjestgjevar på Hanehaug, og deretter Sylfest Mikkelson Barsnes (1802-1844) som kom frå Sogndal.

Herman Brun startar handel på Hanehaug

Etter Sylfest Barsnes kom den kjende handelsmannen frå «Hermansverk», Herman Brun, og tok over både handel og gjestgiveri på Hanehaug. Om dette var frå 1833, då han slo seg til på Hermansverk, eller noko seinare, er ukjent. (Dette kan ha vore frå då Sylfest Barsnes døydde i 1844).

Med unntak av tida frå 1851 til 1860 då eldste sonen Hans Johannes Brun overtok, dreiv Herman Brun sjølv forretningane sine på Hermansverk og Hanehaug til han døydde i 1865. Deretter tok enkja Engel Brun over både på Hanehaug og Hermansverk og dreiv saman med den ugifte dottera Marie til ho sjølv døydde i 1881.

Hermansverk totalskadd av brann

I 1876 vart Brun-anlegget på Hermansverk totalskadd av brann. Elden hadde starta i eit bakeri midt på natta. Både krambua, bakeriet, våningshuset, drengestova, stabburet og sjøbua brann ned til grunnen. Engel Brun fekk skattefritak slik at ho kunne makte og gjenreise handelsstaden.

Lokalt handelslag tek over etter Brun

Då mora Engel var borte, tok ein yngre son i syskenflokken, Johan Herman Brun, over alle eigedomane på Hermansverk og Hanehaug. Medan svigersonen til broren Hans Johannes Brun, Peter Johan Fretheim, fekk overta eigedomane på Hermansverk i 1884, dreiv Johan Herman Brun sjølv på Hanehaug til han gjekk konkurs i 1893. Frå 1893 var det Leikanger Handelsforening som dreiv handelen på Hanehaug i nokre år.

Gjestgiveriet på Hanehaug vert hotell

Fram til han gjekk konkurs i 1893, var det Herman og Engel Brun sin nest eldste son - Johan Herman Brun - som eigde gjestgiveriet på Hanehaug.

Leikanger Handelsforening

Etter at Brun-tida var ute på Hanehaug i 1893, tok eit bygdeeigd aksjelag - Leikanger Handelsforening - over eigedomane og dreiv forretninga der.

Knut Jordal - kjøpmann og hermetikk-disponent

Knut Jordal skulle spele ein viktig rolle i utviklinga på Hanehaug i åra som fylgde: I tillegg til å drive vanleg landhandel dreiv han også som dampskipsekspeditør.

Jordal Eftf.

Forretninga til Knut Jordal vart seinare overteken av svigersonen Edvard Eri og driven som Jordal Eftf.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.06.2008