Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Arnesen

Hans Arnesen. Foto: Terje Eggum.

Hans Arnesen. Foto: Terje Eggum.

Hans Arnesen (1930-1987) frå Fåberg, busett i Leikanger. Journalist og redaktør.

Arbeidde i fleire distriktsaviser i Sør-Noreg til han vart tilsett som redaktør i Sogningen på Leikanger i 1958. Han var redaktør av dei samanslegne Sogningen/Sogns Avis (SSA) til han døydde.

Arnesen var kjend som ein kunnskapsrik pressemann som førte ein elegant, men svært skarp og provoserande penn. Dette førte avisa opp i fleire konfliktar i hans redaktørtid.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 01.08.2011