Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Faleide

(1914-1946). Prisinspektør. Mmotstandmann under 2. verdskrig.

Arrestert og overført Espeland 17.09.1943, sett fri 1.11.1943. Under oppbygginga av Milorg i Sogn og Fjordane vinteren 1944-1945 vart han hyra som kurèr mellom gruppene ”Siskin” i Sogn og ”Snowflake” i Fjordane.

Han sat såleis på nøkkelinformasjon om organisasjonen. Faleide vart arrestert på nytt 10.02.1945 under Opprullinga av Milorg, overført Bergen, overført Espeland og sett fri 19.02.1945. Faleide vart svært grovt torturert av Gestapo, mellom anna med stråleovn mot tinningen, og døydde seinare av skadane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2008