Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Seip

Gravsteinen til Hans Seip. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gravsteinen til Hans Seip. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gravsteinen til Hans Seip. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hans Kristian Seip (1881-1945) frå Røyken, busett i Leikanger. Ingeniør, vegsjef, fylkesmann og Venstre-politikar.

Eksamen frå Oslo tekniske fagskule 1900, studiar i Sveits 1902-1903. Frå 1900 tilsett i Statens Vegvesen, og frå 1921 til 1929 vegsjef i Bergen. Fylkesmann i Sogn og Fjordane frå 1929 til han i 1941 vart avsett av den tyske okkupasjonsmakta.

Seip budde sidan i Fjærland, og skreiv m.a. den første historieboka om Sogn og Fjordane fylkeskommune - «Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunesoga» utgjeven i 1958.

I tida i Bergen var Seip m.a. ordførar, og som vararepresentant til Stortinget 1925-1927 og 1928-1930 møtte han mykje av tida. Fast stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane 1934-1940.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.08.2011