Hopp til innhold
X
Innhald

Harald Gullskjegg

Harald Gullskjegg (800-talet). Lokal hovding og småkonge over Sygnafylket. Harald Gullskjegg budde mest truleg på garden Husabø, men han kan også ha hatt bustad i Aurland.

Dottera Ragnhild gifta seg med Halvdan Svarte frå den svensk-norske Ynglingeætta. Halvdan rådde over fleire fylke på Austlandet: Oppland, Buskerud og Vestfold. Halvdan og Ragnhild fekk etter segna sonen Harald. Harald voks opp hjå bestefaren Harald Gullskjegg i Sogn. Harald arva kongsmakta i Sogn etter bestefaren, men døydde berre 10 år gamal.

Då gjorde faren til Harald, Halvdan Svarte, krav på å verte konge i Sygnafylket, og slik vart det.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.08.2011