Hopp til innhold
X
Innhald

Hellebrotet på prestegarden

Ved Kleppa, omlag 500 meter nordvest for kyrkja på Leikanger, ligg eit gamalt hellebrot. Mykje tyder på at dette er den eldste «industriverksemda» i midtre Sogn. Her vart det frå eldgamle tider brote steinheller som vart nytta til taktekking over store deler av Sogn.

Framleis kan ein sjå mange av desse steinhelletaka, som er prega av dei store dimensjonane som hellene har.

Underlagd kongsgarden

Hellebrota låg i gamal tid under kongsgarden og veitslegarden Husabø (sjå: Kongsgard på Husabø).

Nemnd i sagaskrifter

I dei islandske sagaskriftene «Landnåmabok» og «Floamanna - saga» er det nemnt ein sogning som heitte Ketill helluflagi. Etternamnet på denne islandske landnåmsmannen kan oversetjast til «helleflak» eller «helleflekkjar». Dette kan tyde at mannen m.a. livnærte seg med hellebryting, og at dette er hellebrotet under storgarden Husabø.

Stor produksjon

Langt fram på 1900-talet vart det brote mykje heller for sal i steinbrotet. I 1895 vert det opplyst at det då er brote ut heller til ein verdi av 4.600 kroner. Dei som tok ut heller, måtte betale ei avgift til prestegarden, som var eigar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.03.2010