Faktaboks

Administrasjonssenter
Leikanger
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggjartal
2 331 (2019)
Landareal
177 km²
Høgaste fjell
Gunvordalsbreen (1604 moh.)
Innbyggjarnamn
systrending
Kommunenummer
1419 (fram til 2020)

Kommunevåpen

Leikanger

Leikanger. Hermansverk og Sognefjorden, sett frå utsiktspunktet Kleppa. I bakgrunnen til venstre går Aurlandsfjorden inn mot sør. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /NTB Scanpix ※.
Kart
Av /Store norske leksikon ※.

Plassering

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Leikanger var ein kommune i Sogn og Fjordane fylke. Den blei i 2020 ein del av Sogndal kommune, og blei samtidig ein del av Vestland fylke. Samanslåinga var del av ein landsomfattande kommunereform.

I 1850 vart Balestrand skild ut som eigen kommune. I 1901 vart eit mindre område overført til Balestrand. I 1964 vart delar av Balestrand overført til Leikanger, og det same året vart eit mindre område av Leikanger overført til Sogndal. I 1992 vart to område sør for Sognefjorden overførte til Lærdal og Vik.

Kommunegrense

Kommunen sine grenser blei regulert i 1964 då Hellaområdet ved Fjærlandsfjordens munning blei lagt til frå Balestrand, og Tingastadområdet aust for Sogndalsfjorden blei overført til Sogndal. I 1992 blei sokna Feios og Fresvik på sørsida av Sognefjorden overført til Vik kommune og Frønningen aust for Aurlandsfjorden til Lærdal kommune.

Natur

Fjella i den tidlegare kommunen når høgaste punkt på Gunvordalsbreen, som ragar 1604 meter over havet. Berggrunnen består av gneis, som tilhøyrer Gneisregionen. I ei stripe nordaustover frå Hermansverk finst fyllitt, der fjordsidene er spesielt bratte.

Området har kystklima med framherskande luftstraumar frå vest og sørvest. Leikanger vart hardt ramma av ekstremvêret Dagmar jula 2011: Moloen, fleire kaier og murar vart øydelagde, og Esso-stasjonen fekk store skadar.

Busetjing

Nesten alle innbyggjarane var ved samanslåinga busette i tettstaden Hermansverk/Leikanger. Elles ligg busetnaden som eit belte langs Sognefjorden.

Næringsliv

Leikanger er den fremste frukt- og bærbygda i Sogn. Frukthagane ligg langs Sognefjorden. Elles er husdyrhaldet viktig. Skogen var tidlegare viktig for kommunen.

Nesten all industri ligg i tettstaden Hermansverk/Leikanger. Dei viktigaste industribransjane ved samanslåinga var grafisk industri (Ingvald Husabø Prenteverk) og næringsmiddelindustri. Hermansverk har viktige fruktmottak og -lager.

Over Sognefjorden aust for Hermansverk går eit 4889 meter langt kraftleidningsspenn, som ved samanslåinga var den nest lengste i verda. I 2017 vart det sett i gang ei omfattande kraftutbygging av Sognekraft. Turistnæringa har mykje å seie.

Samferdsel

Langs fjorden går Riksveg 55 LomSognefjellVadheim med tilknyting til Riksveg 5 LærdalFlorø i Sogndal og helårsvegen E16 OsloBergen over Filefjell i aust og kyststamvegen på Vestlandet E39 i Vadheim i vest.

Det er ekspressbåtsamband med Bergen, Sogndal og Flåm, og det er ferjesamband med Balestrand og Vik lengst vest i kommunen. Sommarferje går i ruta Leikanger–Vangsnes–Balestrand–Fjærland.

Administrativ inndeling og offentlige institusjoner

Leikanger høyrde til Vest politidistrikt, Sogn tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen var med i regionrådet Sogn regionråd saman med Aurland, Balestrand, Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.

Leikanger kommune svarer til soknet Leikanger i Sogn prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Leikanger til Sogn fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Leikanger

For statistiske formål var Leikanger kommune delt inn i eitt delområde med til saman 8 grunnkrinsar: Njøs, Hermansverk, Henjum, Leitet, Leikanger, Hamre/Fosse, Grinde og Eitorn.

Historikk og kultur

I Leikanger finst fleire minne frå forhistorisk tid. Ved Baldershage på Husabø vart det i 1995 gjort utgravingar i to gravhaugar frå førjernalder. I Baldershage tredde Harald Hårfagre sine barnesko. Like ved står ein åtte meter høg bautastein, Baldersteinen, som er av dei høgaste i landet og den største bautasteinen i Nord-Europa. I 2015 vart desse kulturminna innlemma i Hårfagreparken, samtidig som det vart reist eit minnesmerke over Harald Hårfagre. I parken finst òg restar etter ein gravhaug og ei båtgrav i tillegg til gull og glasperler.

Leikanger kyrkje er ei steinkyrkje frå tidleg mellomalder, som vart ombygd i 1872. I prestehagen like ved kyrkja veks det mellom anna eit tempeltre, som er den einaste attlevande arten frå tertiærtida.

Sogn Avis er den største avisa i kommunen og har hovudkontor i Leikanger. Avisa vart grunnlagd 1992, då dei to avisene Sogningen/Sogns Avis og Sogn og Fjordane vart slått saman. Avisa dekkjer heile Sogn og kjem ut fem gonger kvar veke.

Kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent 1963) hadde to eple i gull på kvist med tre lauv mot ein grøn bakgrunn. Motivet hadde bakgrunn i fruktproduksjonen sin verdi for Leikanger.

Namn

Namnet kjem av norrønt Leikvangir, 'leikevoller', det vil seie vollar nytta til leik og tevlingar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Eggum, Terje: Leikanger kyrkje : frå mellomalderen til idag. 1999.
  • Leikanger bygdebok, 1965-79, 2 bind.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg