Hopp til innhold
X
Innhald

Henjatunet - blant dei største klyngetuna

Henjatunet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Henjatunet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På garden Henjum låg i gamal tid eit av dei største klyngetuna i Sogn og Fjordane. Ved utskiftinga i 1865 vart det talt over 100 hus i tunet, fordelt på åtte bruk. I tillegg til husa i sjølve tunet, hadde brukarane også naust, kvernhus, utløer, stølshus m. m. andre stader på eigedomane.

Dei fleste bygningane i det tette tunet vart lagde i oske i ein storbrann i juni 1743. I alt brann 96 bygningar ned. Trass i dette, vart husa bygde opp att på branntuftene, og tunet vart like tettvakse som før.

I Henjatunet låg også den gamle kyrkja - sjå: Mange kyrkjer i mellomalderen. Staden der den stod vert framleis kalla «Kyrkjegarden», og fram gjennom tida har fleire personar frå Henjum vorte førte inn i kyrkjebøkene med etternamnet «Kirkegården». Kyrkja vart lagt ned i 1544. På den gamle kyrkjegarden er det funne fleire gamle graver.

Sjå elles om gamal busetjing og fornfunn på Henjum: Jordbruket tidleg ute i midtre Sogn.

Henjatunet midt på biletet sett frå Hermansverk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Henjatunet midt på biletet sett frå Hermansverk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.08.2011