Hopp til innhold
X
Innhald

Herman Brun

Herman Brun gav namn til Hermansverk og var ordførar1844-1847 og 1849-1851.

Herman Brun gav namn til Hermansverk og var ordførar1844-1847 og 1849-1851.

Herman Brun (1804-1865) frå Bergen, busett på Njøsasanden/Hermansverk. Kjøpmann og politikar, og mannen som fekk «Hermansverk» oppkalla etter seg.

Handel og gjestgiveri på Njøsasanden

Brun overtok i 1833 den gamle handelsstaden og gjestgiveriet på Njøsasanden. Han dreiv også landhandel og gjestgiveri på Hanehaug. Ordførar i Leikanger 1844-1847 og 1849-1851.

Herman Brun - namngjevar til eit bygdesenter

Det skal ha vore under eit lystig juleselskap hjå kjøpmann Brun i 1844 at ei gruppe framståande menn i bygda vart samde om å kalle strandstaden på Njøsasanden og Henjasanden opp att etter den allsidige kjøpmannen Herman Brun. Det meste av det som hadde vorte bygt der var nemleg «Hermans verk » - difor Hermansverk. Eldste sonen Hans Johannes Brun overtok på Hermansverk i 1851, men flytta to år seinare til Aurland og starta som handelsmann der. Herman Brun tok i 1860 tilbake eigedomane på Hermansverk og Hanehaug og dreiv dei vidare til han døydde i 1865, då enkja Engel tok over og dreiv til ho døydde i 1881. Då gjekk eigedomane på Hermansverk over til den nest eldste sonen Johan Herman Brun, som skøytte Hermansverk vidare til broren Hans Johannes Brun sin svigerson Peter Johan Fretheim. Johan Herman Brun dreiv handelen og gjestgiveriet på Hanehaug sjølv til han gjekk konkurs i 1893.

Hermansverk i dag. Staden har namnet sitt etter Herman Brun. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hermansverk i dag. Staden har namnet sitt etter Herman Brun. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.08.2011