Hopp til innhold
X
Innhald

Hermansverk får hotell

Hotellet som Peter Johan Fretheim bygde. Dette biletet er teke på 1890-talet. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen UiB.

Hotellet som Peter Johan Fretheim bygde. Dette biletet er teke på 1890-talet. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen UiB.

I 1882 tok den nest yngste sonen til Engel og Herman Brun, Johan Herman Brun over på Hanehaug og Hermansverk.

I 1884 skøytte han eigedomane på Hermansverk over til broren Hans Johannes Brun sin svigerson Peter Johan Fretheim som dreiv butikken vidare under firmanamnet P. I. Fretheim. Sjølv dreiv Johan Herman Brun butikken på Hanehaug til han gjekk konkurs i 1893. Gjestgiveriet der anten selde han eller leigde bort til Jan Gjøvåg Olsen frå 1883. Peter Johan Fretheim hadde fått gjestgjevarløyve på Hermansverk i 1883.

Hanna Marie Brun Fretheim.

Hanna Marie Brun Fretheim.

Bygde hotell

I 1887 bygde han eit større hotellbygg i to etasjar, m.a. ved å bruke eindel bygningsdelar frå ei tingstove og andre eldre hus som stod på Njøsasanden.

Seinare vart hotellet utstyrt med balkongar i sveitsarstil, og er framleis eit særmerkt trekk i sentrum av Hermansverk. Hotellet hadde 10 gjesterom, romslege salongar og bakeri i kjellaren.

Peter Johan Fretheim vart i 1889 tilsett som kaptein i Fylkesbaatane, og det var difor ektemaken Hanna Marie Brun Fretheim (1856-1938) som styrde og rådde på Hermansverk fram til dei gjekk konkurs i 1897. Fretheimane reiste frå Hermansverk og budde ei tid i Bergen før dei slo seg ned i Aurland som pensjonistar.

Brun-epoken over

Med dette var Brun-epoken over for godt både på Hanehaug og Hermansverk. På Hermansverk vart Brun-folket avløyste av eit nytt dynasti - Knutsen-familien, som skulle kome til å setje preg på handel og industri på Hermansverk i nærare 90 år:

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.08.2011