Hopp til innhold
X
Innhald

Hermund Kleppa

Foto: Henning Rivedal.

Foto: Henning Rivedal.

Hermund Kleppa fødd 1941 i Hjelmeland i Rogaland, busett i Leikanger. Arkivar og forfattar.

Utdanna adjunkt, og arbeidde m.a. i interkommunalt arkiv for Rogalands-kommunane før han vart tilsett ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 1987.

Medforfattar av boka ”Krigsår” (Selja forlag 2005) og ”Året 1905 i Sogn og Fjordane” (Skald 2005).

Då han gjekk av som 70-åring i 2011 hadde han skrive 674 artiklar i Kulturhistorisk leksikon.

I 2009 tok han initiativet til ein protestaksjon mot at Fjord1 vedtok å slutte å bruke det 150 år gamle fylkesbåtflagget.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 03.08.2011