Hopp til innhold
X
Innhald

H.M. Knudsens Preserving

Hermetikkfabrikken i 1956. På den tida var namnet Hermetikkfabrikken Viking. © Johan Ottesens arkiv.

Hermetikkfabrikken i 1956. På den tida var namnet Hermetikkfabrikken Viking. © Johan Ottesens arkiv.

På 1890-talet starta Henrik Marin Knudsen ein liten hermetikkfabrikk. I 1922 bygde Per Klingenberg Knutsen hermetikkfabrikken som faren hadde starta, mykje ut og kalla den «H. M. Knudsens Preserving». Bror til Per Klingenberg Knutsen - Gudmund Johan Knutsen (1901-1957) - var medeigar og tok seg av den daglege drifta av verksemda når broren Per var ute på forretningsreiser.

Ein tredje bror var Alf Hess Knutsen - sjå nedanfor om A/S Sogn Skibsbyggeri & Slip. Hermetikkfabrikken til Knutsen vart på folkemunne kalla «Silden».

I 1932 vart heile anlegget med fabrikkar og trelastlager totalskadd av brann, men bygt opp att. For å berge produksjonen i brannåret, leigde Knutsen då den nedlagde fabrikken til Sognefjordens Sardine Co. A/S på Leikanger.

Hermetikkfabrikken Viking

Jacob Sætre overtok fabrikklokala på Hermansverk og bytte namn til «Hermetikkfabrikken Viking A/S». Den vart driven til fram på 1960-talet.

Les meir om Industri-greina i familien Knutsen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.08.2011