Hopp til innhold
X
Innhald

Husabø vart adelsgods

Husabø-garden vart frå 1200-talet og i lang tid etter adelsgods, eigd av nokre av dei rikaste i landet. På slutten av 1200-talet budde det ein mann der som kalla seg «Karlshovud i Husabø».

Dette var ei slekt som elles åtte jord både i Kaupanger og Sogndal på den tid, og truleg hadde ætterøter til kong Olav Tryggvason. I 1332 eigde drottseten Erling Vidkunsson garden Husabø. Han var også eigar av Giske-godset og Bjarkøy-godset og ein tredjepart av garden Kvåle i Sogndal.

Heilt fram på midten av 1600-talet var Husabø eigd av den same adelsætta, som m.a. hadde røter til det kjende adelssetet Austråt i Trøndelag.

Les meir om kongsgarden på Husabø.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.11.2008