Hopp til innhold
X
Innhald

Industri-greina i familien Knutsen

Henrik Martin Knutsen (1865-1914) - dreiv mølla og bygde ut sagbruk. På 1890-talet starta han også ein liten hermetikkfabrikk.

Men det var først då sonen til Henrik, Per Klingenberg Knutsen (1889-1954) overtok i 1913 at verksemda tok til å vekse. Han bygde ut mølla og sagbruket, dreiv stor trelasthandel og «H. M. Knudsens trevarefabrikk». Her var også slakteri og pølsefabrikk.

H.M. Knudsens Preserving

I 1922 bygde Per Klingenberg Knutsen hermetikkfabrikken som faren hadde starta, mykje ut og kalla den «H. M. Knutsens Preserving».

Hermetikkfabrikken Viking

- sjå H.M. Knudsens Preserving.

A/S Sogn Skibsbyggeri & Slip

Etter Fretheim-konkursen i 1897, overtok Elise Ohnstad - kalla Ohnstad-Lisa på folkemunne - ein del av strandeigedomen som Herman Brun hadde kjøpt langs stranda på Hermansverk. I 1918 gjorde Alf Hess Knutsen (1891-1919), opptaket til å starte eit skipsbyggeri på denne tufta.

Les meir om Knutsen-familien som kjøpmenn og industrifolk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.08.2011