Hopp til innhold
X
Innhald

Industri og næring i Leikanger

Landbruk og særleg fruktdyrking har i mange år vore ei viktig næring i Leikanger. Leikanger er den fjerde største fruktkommunen i landet med til saman 80.000 frukttre. Forsøksgarden på Njøs har vore ein viktig faktor for fruktdyrkarane, både når det gjeld utvikling av nye fruktsortar og som fagleg støttespelar. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Landbruk og særleg fruktdyrking har i mange år vore ei viktig næring i Leikanger. Leikanger er den fjerde største fruktkommunen i landet med til saman 80.000 frukttre. Forsøksgarden på Njøs har vore ein viktig faktor for fruktdyrkarane, både når det gjeld utvikling av nye fruktsortar og som fagleg støttespelar. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fabrikkar og verkstader i Leikanger

– Verft, fabrikkar, bakeri, meieri, trykkeri, oppdrett og gartneri.

Handels- og gjestgjevarstader i Leikanger

– Hanehaug, Henjasanden og Njøsasanden.

*Hotell og gjestgjevarar i Leikanger *Landhandlar i Leikanger

Omtalar ordna etter oppstartsår:

Leikanger Sparebank

vart skipa i 1864.

Sparebanken Sogn og Fjordane

frå 1988 – sjå Leikanger Sparebank.

Henjum med slakteri

Jens N. Henjum starta i 1900 slakteri og kjøtforretning på Hermansverk. I 1943 overtok sonen Sigurd J. Henjum. Han bygde ny forretning i slakteriet i 1952, og hadde fire personar i arbeid. Verksemda vart lagt ned på 1960-talet.

Fruktgrossist Grinde

Olav H. Grinde frå Grinde starta i 1920 som fruktgrossist i Bergen og Oslo, der han hadde lager.

Aarskog Bakeri og Konditori AS

- sjå Aarskog-forretninga på Hermansverk.

Kikka. Foto: Henning Rivedal.

Kikka. Foto: Henning Rivedal.

Leikanger Bokhandel AS

- sjå Aarskog-forretninga på Hermansverk.

Kaféen til Kikka

Kristi Lundegaard - på folkemunne berre kalla «Kikka» - starta kafé på Hermansverk i 1939. Ho dreiv kaféen i 60 år. Fram til 1949 heldt ho til i Endregården, og deretter på «Strandbu» og «Elvegard». Den siste bygde ho og ektemannen sjølve midt på 1960-talet.

Kikka var ei særs avhalden kafévertinne som vart heidra med Kongens fortenestemedalje for god omsorg kring gjestane.

Endregården, der Kikka hadde første kaféen sin. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Endregården, der Kikka hadde første kaféen sin. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Papirhandel og sportsutstyr

Jon Svedal starta i 1941 papirhandel på Leikanger. I 1945 starta han eiga avdeling for sportsutstyr. Butikken var i drift til kring 1970.

Svedalsbui som selde både iskrem og mopedar.Foto: Ottar Starheim, NRK.

Svedalsbui som selde både iskrem og mopedar.Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leikanger Bokhandel

vart starta i 1946 av Olav Hunshammer. Butikken dreiv han i eit lokale på toppen av Tinghus I, og var i tillegg tilsett i administrasjonen ved Sognekraft.

Syrstrand Gartneri AS

vart starta på Leikanger i 1946.

Forretninga til Erling Røysum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretninga til Erling Røysum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Erling Røysum

starta i 1951 radio-, elektrisk- og sportsforretning på Hermansverk. Firmaet hadde eigen reparasjonsavdeling, og er seinare overteke av sonen Lars Jonny Røysum.

Leikanger Fruktlager

vart oppretta i 1960.

Sognefrukt AS

- sjå Leikanger Fruktlager.

Eple frå Sognefrukt AS. Foto: NRK.

Eple frå Sognefrukt AS. Foto: NRK.

Gunnar Olsmo AS rekneskapskontor

vart starta i 1972 på Hermansverk.

Bokføringssentralen for Sogn

– sjå: Gunnar Olsmo AS.

Økonomipartner Sogn AS

– sjå Gunnar Olsmo AS.

Fjordkroa AS

på Hermansverk frå 1979 – sjå: Kjøpmanns-greina i familien Knutsen.

Sygna Akvakultur AS

Setjefiskanlegg skipa ved Hermansverk i 1984 med lokale aksjonærar. Konkurs i 1990. Nytt selskap vart Edelsmolt AS.

Edelsmolt AS

– sjå: Sygna Aquakultur AS.

Leikanger Bygg og Interiør. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leikanger Bygg og Interiør. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leikanger Bygg og Interiør

vart starta i 1988 av Roar Evjen Solbakken m. fl. Butikken selde måling, kjøkkenutstyr og interiørartiklar, men vart lagd ned i 2007.

Fjord Garden AS

- sjå Vangsnes Fiskematfabrikk.

Detox

– sjå Vangsnes Fiskematfabrikk.

Vangsnes Agentur

– sjå Vangsnes Fiskematfabrikk.

Bama Storkjøkken AS

– sjå Vangsnes Fiskematfabrikk.

NS-Bygg

– sjå Vangsnes Fiskematfabrikk.

Leikanger Mur og Flis AS

– sjå Vangsnes Fiskematfabrikk.

Skald Forlag

Skald Forlag

på Hermansverk, skipa i 1991.

Skald Eigedom

– sjå Skald Forlag.

Café Herman

– sjå Skald Forlag.

Henjatunet Gardskjøken

vart starta i 1996 av Åse Kongsvik.

Leikanger Næringshage

vart opna i juni 2002 på Hermansverk.

Melås AS

vart starta i 2005 av Per Steinar Melås.

Njøs Næringsutvikling AS driv vidare forsøksgarden på Njøs. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Njøs Næringsutvikling AS driv vidare forsøksgarden på Njøs. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Njøs Næringsutvikling AS

vart skipa i 2007 og har som føremål å drive forsøksstasjonen for frukt og bær på Njøs etter at Bioforsk valde å trekkje seg ut i 2007. – Les meir om forsøksstasjonen under historie: Forsøksgarden på Njøs.

Balder Brygg AS

mikrobryggeri vart starta på Hermansverk i 2012 av Knut Njøs og Øystein Meland. Bryggeriet har produksjonen sin i Saften, tidlegare Drægni/Lerum. Ølet dei produserer skal i hovudsak seljast til restaurantar i Bergen. Men i 2014 vart seks Balder-produkt selde på Vinmonopolet, og produksjonskapasiteten vart tredobla til 100.000 liter.

Øystein Meland i Balder Brygg AS. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK.

Øystein Meland i Balder Brygg AS. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.04.2014