Hopp til innhold
X
Innhald

Ingvald Husabø Prenteverk AS

Ingvald Husabø Prenteverk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ingvald Husabø Prenteverk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Annonse frå 1961.

Annonse frå 1961.

Ingvald Husabø starta i 1930 trykkeri på Leikanger, etter at han i fire år hadde drive trykkeri i Vik. Ein viktig grunn for flyttinga var at trykkeriet fekk oppdraget med å trykke bøkene med fylkestinget sine forhandlingar. Dette vart eit sentralt oppdrag for Husabø prenteverk i mange år sidan.

I 1946 bygde firmaet nytt forretningsbygg med stort trykkeri på Leikanger, og gjennomførte ei ny, stor utbygging i 1985.

Gav ut avis

I 1957 kjøpte Ingvald Husabø forlagsretten til avisene Sogningen og Sogns Avis og slo dei saman under tittelen Sogningen/Sogns Avis (SSA) med utgjevarstad Leikanger. Avisselskapet vart i 1973 skipa som aksjeselskap.

Ingvald Husabø (nr. to frå høgre) saman med resten av dei tilsette i prenteverket han starta på Leikanger. Foto: Sogningen/Sogns Avis.

Ingvald Husabø (nr. to frå høgre) saman med resten av dei tilsette i prenteverket han starta på Leikanger. Foto: Sogningen/Sogns Avis.

Meir samanslåing

I 1992 kjøpte Husabø avisa Sogn og Fjordane og slo den saman med Sogningen/Sogns Avis (SSA) til Sogn Avis.

Husabøfamilien eig i år 2002 alle aksjane i prenteverket og 87 prosent av avisaksjane. Til saman arbeidde det i år 2002 56 personar i verksemdene - av desse 19 i trykkeriet. Trykkeriet har ei årsomsetning på 12 millionar kroner og avisa 28 millionar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.08.2011