Hopp til innhold
X
Innhald

Ivar Elda

Ivar Elda (d. 1184). Lokal storbonde som budde på Systrond. Lokalhistorikarar trur han hadde opphavet sitt på Namdalseid i Trøndelag.

Slaget ved Fimreite

Før slaget ved Fimreite i 1184 mellom kong Magnus Erlingsson og birkebeinarleiaren Kong Sverre (Sverre Sigurdsson), skal Ivar Elda ha slutta seg til Magnus sin hærflåte som stemde inn Sognefjorden. Ivar Elda fall i slaget ved Fimreite. Sigerherren kong Sverre syrgde seinare for at enkja etter Ivar, Ingebjørg, vart gift med birkebeinaren Peter Range.

Baldersteinen

Namnet til Elda har også vore knytt til den store bautasteinen - som står reist på Husabø. Ei av dei mange segnene som er knytte til denne steinen er at den er reist til minne om Ivar Elda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.03.2008