Hopp til innhold
X
Innhald

Jakob Sverdrup d.y.

Jakob Sverdrup d.y. (1881-1938) fødd i Leikanger, busett i Oslo. Professor og språkforskar.

Tok først militærutdanning før han tok språkhistorisk embetseksamen i 1908. Tok doktorgraden i 1929 og vart professor i germansk filologi ved Universitet i Oslo frå same år. Han gjorde banebrytande forsking i samanliknande germansk språkvitskap. Sverdrup skreiv også lærebøker i tysk.

Son til politikar og biskop Jakob Liv Rosted Sverdrup og bror til religionsprofessor Georg Johan Sverdrup (f. i Stockholm 1885 - d. 1951).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.01.2021