Hopp til innhold
X
Innhald

Jakob Walnum

Jakob Walnum.<br>Foto: Eivind Enger.

Jakob Walnum.
Foto: Eivind Enger.

Jakob Rosted Suur Walnum (1851-1925) frå Hommedal, busett på Leikanger. Prest og organisasjonsmann.

Cand. theol. 1877. Arbeidde som styrar ved Lærarskulen i Balestrand frå 1877 før han vart sokneprest i Leikanger 1885-1896.

I 1891 gjekk han saman med broren S. B. Hersleb Suur Walnum i brodden for bygging av Sogns Barneheim som Indremisjonen dreiv på Leikanger fram til 1974. Heimen hadde til tider dårleg rykte for streng tukt og tildels mishandling av born.

I 1896 sa Walnum opp som prest i Leikanger og arbeidde sidan på landsplan for «omstreifersaken» - dvs. omsorga for taterar og sigøynarar. Han var medskipar av «Foreningen til motarbeidelse av omstreifervesenet». Denne foreninga endra i 1935 namn til «Norsk misjon blant hjemløse». Det var Walnum som fekk bygt den kjende arbeidskolonien Svanviken på Eide på Nordmøre for taterar. Frå 1918 til han døydde var Walnum sokneprest i Botne.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 03.08.2011