Hopp til innhold
X
Innhald

Janne Nes

Janne Nes. Foto: Lars Nes -studio osy.lv

Janne Nes. Foto: Lars Nes -studio osy.lv

Janne Nes fødd 1954 i Hamar, busett i Leikanger. Fysiokjemikar og tekstilkunstnar.

Utdanna fysiokjemikar ved Statens Fysiokjemikerskole 1976. Eksamen frå kunsttekstillina ved Kunsthøgskolen i Bergen 2000, og hovudfagseksamen frå same skule i 2002.

Janne Nes har sidan 1987 delteke på ei mengd lokale og nasjonale utstillingar for kunst og kunsthandverk, i 2003 fekk ho stille ut på Haustutstillinga. Ho har og har hatt utsmykkingsoppgåver for m.a. Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen (Statens Hus) og fleire kommunale bygg, bankar m.m. i Sogn og Fjordane.

Gift med Lars Nes og mor til Silje Nes.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.12.2011