Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Nordang

Jens Nordang.

Jens Nordang.

Jens Nordang (1878-1954) frå Nordangsdalen på Sunnmøre. Veterinær og statskonsulent for hest på Vestlandet.

Utdanna agronom 1900. Gardsfullmektig på Kaupanger hovedgård 1900–1902. Veterinæreksamen frå Den Kgl. Veterinær- og Landbohøjskole i København 1907. Veterinær i Trondheim 1907–1916. Distriktsveterinær i Strinda 1916-1921. Statskonsulent i vestlandske distrikt 1923–1943.

Nordang gjorde eit banebrytande arbeid innan fjordhestavlen på Vestlandet - sjå: Historia om hesteavlen i Sogn og Fjordane. Han engasjerte seg elles som veterinær i helserøkta i pelsdyrnæringa som vaks fram på 1920-talet.

Frå 1925 til 1928 studerte Nordang sjukdomar på pelsdyr ved studiereiser til Canada, Tyskland, Danmark og Sverige, og i 1930 gav han ut ei banebrytande lærebok om pelsdyrsjukdomar.

Han gjorde også reiser til Russland som sakkunnig i pelsdyravl. Han var formann i Vestenfjeldske Veterinærforening 1929-1935, og vart æresmedlem både der og i Norsk Veterinærforening. Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull 1936.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 03.08.2011