Hopp til innhold
X
Innhald

Johanna Sæbø

Johanna Sæbø (1894-1944), hovudkasserar. Frå Leikanger, busett i Bergen. Ho hadde utdanning frå mellomskule og handelsskule og var tilsett som hovudkasserar i eit firma i Bergen.

Under 2. verdskrig deltok Sæbø i motstandsarbeid og hjelpte m.a. utanlandske krigsfangar. Ho var drepen den 4. oktober 1944 då allierte fly bomba ubåthamna i Laksevåg i Bergen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.08.2011