Hopp til innhold
X
Innhald

Johs. Husabø landhandel

Jon Ingebrigtson Fosse (1847-1917) starta kring 1900 landhandel på Hanehaug. Denne forretninga tok først Johan Pederson Husabø (1860-1936) over, men overlet den til broren Johannes Husabø (1876-1969) då han sjølv flytta til Larvik-kanten og tok over ein gard der.

Broren Eirik Husabø var i mange år ein trugen betjent på butikken til Johannes. Då Johannes gav seg, vart lokala først leigde ut til Kåre Ness frå Høyheimsvik og deretter til Olav Lysne frå Lærdal. Butikken vart lagt ned kring 1980. Frå 2000 har kunstnaren Margret Igland nytta lokala til kunstgalleri.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.08.2011