Hopp til innhold
X
Innhald

Jomar Lie

Jomar Lie (1922–2004) frå Leikanger. Hotelleigar og motstandsmann under 2. verdskrig, då han i 1942 vart nestleiar i Sogn og Fjordane i den topphemmelege etterretningsorganisasjonen XU.

Agnar Ulvedal frå Stryn var leiar. Lie hadde m.a. som oppgåve å skaffe dei allierte opplysningar om A/S Nordag sine anlegg i Årdal og tyske festningsverk i Sogn.

Han vart arrestert 16.08.1943, overført Bergen, overført Grini 21.11.1943, men sett fri 18.12.1943.

Jomar Lie tok over familiebedrifta Leikanger Fjord Hotel (sjå: Olsens Hotell) i 1955 og leia den til 1985, då han overlet roret til sonen Jan Erik Lie. Jomar Lie var styremedlem i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane i 12 år.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.08.2011