Hopp til innhold
X
Innhald

Jordal Eftf.

Forretninga til Knut Jordal vart seinare overteken av svigersonen Edvard Eri og driven som Jordal Eftf.

Her var Olav Rise styrar under 2. verdskrig, og han vart arrestert og torturert i hel av Gestapo då det kom fram at han hadde lagra våpen for Milorg i forretningsbygget. Også broren Mattis Rise arbeidde på butikken. I 1952 vart Systrond Samvirkelag skipa. Dette overtok Jordal- butikken, med unntak av kaia og byggevarehandelen som vart driven vidare av firma Jordal Eftf. med Mattis Rise som styrar fram til samvirkelaget i 1962 kjøpte denne avdelinga også.

Systrond Samvirkelag gjekk inn i Sogn Samvirkelag i 1966. I samband med at samvirkelaget tidleg på 1970-talet skulle utvide og byggje nytt på Hanehaug, vart det gjort eit makebyte med Leikanger kommune, som no eigde nabotomta der Sognefjord Sardine Co. A/S hadde halde til: Samvirkelaget fekk overta fabrikktomta, medan kommunen overtok Jordal-eigedomane med kaia. Slik vart kommunen eigar av kaia, som vart bygt mykje ut i 1974 (sjå: Ferdsla på fjorden i Leikanger).

Les meir om Hanehaug.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.06.2008