Hopp til innhold
X
Innhald

Jordbruket tidleg ute i midtre Sogn

Ein av gravhaugane på Henjum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ein av gravhaugane på Henjum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På Henjum er det funne ei mengd gravrøyser som ligg ute på terrassekanten. Ved sjølve tunet ligg fire gravrøyser som er opptil 12 meter i diameter i rota.

Store røyser

På ein stad som kallast Krosshaugen på Henjum ligg ei gravrøys som er 18 meter i tverrmål. Også på Rishaug og Gjevaldshaugen er det gravrøyser. I den siste fann ein ei kvinnegrav med gjenstandar frå eldre jernalder - m.a. ei vakker bronsespenne frå 500-talet.

Tufter under sjukeheimen

I 2001 vart det gjort store granskingar på tuftene der sjukeheimen seinare vart reist på Henjum. Her fann ein bustad- og dyrkingsspor frå slutten av steinalderen og fram til vikingtida (2000 f. Kr. - 1000 e. Kr.) Saman med liknande funn på Njøs og i Balestrand viser dei m.a. at dei beste og lunaste bygdende i midtre Sogn var mellom dei første landskapa på Vestlandet som vart dyrka opp.

Funna på Henjum viser elles at mykje av jorda vart øydelagt av eit stort jordras ein gong i bronsealderen mellom 1100 og 500 f. Kr. På Ohnstadhaugen låg det minst seks bygningar, av dei tre langhus frå jernalderen og eit frå vikingtida.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.08.2011