Hopp til innhold
X
Innhald

Kjøpmanns-greina i familien Knutsen

Fjordkroa, som vart bygd etter brannen i 1979. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjordkroa, som vart bygd etter brannen i 1979. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Albert Knutsen (1861-1927) tok til som handelsmann i 1897, og bygde då vidare på den handelseigedomen med kai og dampskipsekspedisjon som han overtok etter Brun/Fretheim-familien. I tillegg til å vere handelsmann og dampskipsekspeditør, dreiv Albert også eit bakeri.

Fjordkroa AS

Sonen Olaf Knutsen (fødd 1887) tok over drifta i 1926, og etter han Atle Knutsen kring 1960. Både forretningsgard og kai vart totalskadd av brann i 1979. Sonen til Atle, Olav Johan, bygde då Fjordkroa på eigedomen. Denne er seinare overteken av Karin Opthun.

Les meir om Knutsen-familien som kjøpmenn og industrifolk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.08.2011