Hopp til innhold
X
Innhald

Klaus Fotland

Klaus Fotland (1913-2000) frå Norheimsund, busett i Leikanger. Skattefut og biletkunstnar.

Studerte ved Engelbrekt Tegneskole i Oslo og i 1950 ved Det Kongelege Akademi i København. Tilsett som kontormann hjå Halvard Drægni i 1941, og arbeidde seinare hjå skattefuten. Han var skattefut i Sogn og Fjordane 1975-1980.

Fotland var også ein dyktig kunstmålar, og arbeidde mykje med portrett og landskap.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.08.2011