Hopp til innhold
X
Innhald

Knausen Pensjonat

Sognefjord Hotel ligg fint til på Nokkaneset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sognefjord Hotel ligg fint til på Nokkaneset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Knausen Pensjonat og kafé vart starta på Nokkaneset på Hermanverk i 1955 av Aslaug og Agnar Eggum. Pensjonatet hadde frå starten seks gjesterom.

Knausen Fjord Resort

I 1963 vart pensjonatet utvida til 30 rom, og endra namn til Knausen Fjord Resort. I 1968 vart det bygt ny kongressal.

Agnar Eggum med kona Aslaug og borna Torill, Aud og Siv. Privat foto.

Agnar Eggum med kona Aslaug og borna Torill, Aud og Siv. Privat foto.

Sognefjord Hotel

Ved ei utviding i 1972 fekk hotellet 55 rom med 106 gjestesenger. Samstundes endra hotellet namn til Sognefjord Hotel AS. Det er dessutan bygt symjebasseng, trimrom og tennisbane.

Ein del av bygget vart på 1970- og 1980-talet leigd ut som kontor, der m.a. byggjeavdelinga til fylkeskommunen og NRK sitt første lokalkontor i Sogn heldt til - sjå: Aviser og media i Leikanger.

Foto: Ottar Starheim, NRK.

Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.08.2011