Hopp til innhold
X
Innhald

Knud Knudsen

Knud Knudsen (1868-1957) frå Halden, busett i Leikanger. Ingeniør og vegsjef.

Knud Knudsen (1868-1957) frå Halden, busett i Leikanger. Ingeniør og vegsjef.

Utdanna ved teknisk høgskule i Dresden 1890. Tilsett i Statens vegvesen 1890. Arbeidde i jernbanen 1892-1896. Tilsett som vegingeniør på Austlandet til han i 1896 vart vegingeniør i Sogn og Fjordane.

I 1899 flytta han til Faleide i Nordfjord, seinare til Sandane og Nordfjordeid. I Nordfjord leia han fram til 1922 bygging av viktige sambandsvegar som Stryn-Nordfjordeid og vegen gjennom Hornindal. Tilsett som vegingeniør i Hordaland 1922-1924, og som vegsjef i Sogn og Fjordane 1924-1936.

Knud Knudsen på Hemsedalsfjellet i 1933.

Knud Knudsen på Hemsedalsfjellet i 1933.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.08.2011