Hopp til innhold
X
Innhald

Knut Hansson Njøs

Knut Hansson Njøs (1883-1934) frå Leikanger. Kontorfunksjonær og Arbeidarparti-politikar.

Knut Hansson Njøs (1883-1934) frå Leikanger. Kontorfunksjonær og Arbeidarparti-politikar.

Han var i nokre år tilsett som politimann i Stavanger og ved sorenskrivarkontoret i Dalane. Tilsett ved sorenskrivarkontoret i Leikanger 1912.

Venstre-mann fram til han i 1918 skipa Leikanger Arbeidarlag og vart leiar der. Medskipar av Sogn Arbeidarparti i 1920. I 1931 var han medskipar av Arbeidernes Ungdomslag.

Medlem av m.a. kommunestyre og skulestyre. Vararepresentant til Stortinget 1928-1930.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.08.2011