Hopp til innhold
X
Innhald

Knut Jordal - kjøpmann og hermetikk-disponent

Knut Jordal skulle spele ein viktig rolle i utviklinga på Hanehaug i åra som fylgde: I tillegg til å drive vanleg landhandel dreiv han også som dampskipsekspeditør.

Jordal bygde eit stort, langstrakt forretningsbygg ned mot kaien. Her leigde han også ut lagerlokale til Sigurd Høyum, som dreiv trelastlager. I 1907 sytte Jordal føre at det nyskipa selskapet Sognefjord Sardine Co. A/S fekk kjøpe det nedlagde meieriet for å starte hermetikkfabrikk der. Sjølv vart Jordal ein av dei lokale aksjeeigarane og disponent for fabrikken.

Knut Jordal skaffa seg også ein motordriven båt - «Fram» - som han m.a. leigde ut som skyssbåt til prest og distriktslege.

Les meir om: Gjestgiveri og handel på Hanehaug

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.06.2008