Kongevitjingar i Leikanger

Kong Oscar II vitja Leikanger i 1879. Vitjinga i Sogn var ein lekk i ei vestlandsreise der kong Oscar kom frå Voss til Gudvangen og reiste med båt ut fjorden der han vitja Leikanger og Fjærland, der kongen og fylgjet reid på hest til Bøyabréen. Kongen avslutta reisa gjennom fylket i Lærdal og Borgund.
Kong Olav V
gjesta Leikanger som kronprins i 1933 saman med kronprinsesse Märtha i samband med ei rundreise i fleire Sogne-kommunar. Olav V vitja også Leikanger i 1949 i samband med ei ferd til Skjåk, der han skulle opne lands-speidarleir. Kronprins Olav overnatta då i Fylkesmannsgarden og køyrde frå Leikanger til Skjåk i bil.
I samband med Fylkesbaatane sitt 100-årsjubileum i 1958 vitja kong Olav Hermansverk. Han steig ikkje i land, men helsa folket frå kommandobrua på «Sunnfjord».
Kong Harald V
vitja Leikanger som kronprins i 1979 saman med kronprinsesse Sonja i samband med ei rundreise i fleire kommunar i Sunnfjord og Sogn. Dei kom med kongeskipet "Norge" til Leikanger, og vitja m.a. aldersheimen.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 02.08.2011