Hopp til innhold
X
Innhald

Kongsgard på Husabø

Husabø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Husabø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Husabø er den sentrale garden på Leikanger og omfattar områda kring den gamle middelalderkyrkja og Baldershagen. Husabø var kongeleg setegard i mellomalderen, og vart også nytta som veitslegard for kongen og hans sendemenn i dei åra då Noreg vart samla til eitt rike.

Gardar som heiter Huseby eller Husabø har ofte vore kongsgardar i Norden. Anten har kongar budd der fast, eller dei bygde seg hus der som dei sjølve og tenestemennene kunne bu i når dei reiste rundt i "veitsler" og gjesta landskapet der garden låg.

Husabø på Leikanger er truleg ein slik gard: Småkongen Halvdan Svarte som rådde i Opplanda (Oppland, Buskerud og Vestfold) midt på 800-talet, fekk også kontrollen over Sogn og brukte seinare Husabø som kongsgard eller veitslegard for sendemennene sine i Sogn. Husabø-garden omfatta på den tida truleg det meste av Systrond.

Gifta seg til Sogn

Halvdan Svarte gifta seg med sognekongen Harald Gullskjegg (sjå denne) si dotter, Ragnhild. Dei fekk ein son som heitte Harald. Harald vart oppfostra hjå morfaren i Sogn, og før Harald Gullskjegg døydde, hadde han late dottersonen Harald arve Sogn og kongetittelen som høyrde med.

Same året som Harald Gullskjegg døydde, døydde også dottera Ragnhild. Året etter vart den ti år gamle sonen som ho hadde fått med Halvdan Svarte, sjuk og døydde.

Den som no rekna seg som næraste arving til kongedømet i Sogn, var Halvdan Svarte. Han sende difor hærmenn vest om fjella og gjorde krav på ”Sygnafylket”. Halvdan Svarte fekk viljen sin, og sette inn jarlen Atle den mjove frå Osen i Bygstad (sjå Gaular kommune) til å styre Sygnafylket for seg.

Det er svært truleg at også Halvdan Svarte budde på Husabø-garden på Leikanger når han hadde ærend i Sogn. Historikaren Asgaut Steinnes reknar det som sannsynleg at Halvdan Svarte kan ha reist over fjellet til Aurland, og derifrå med skip ut Sognefjorden til Husabø når han vitja Sogn.

Halvdan Svarte og Harald Hårfagre, slik dei er framstilte i den islandske Flateyarbok.

Halvdan Svarte og Harald Hårfagre, slik dei er framstilte i den islandske Flateyarbok.

Rikssamlinga kan ha starta frå Sogn

I samband med studiar kring Gulatinget hevdar professor i mellomalderhistorie, Knut Helle, at det er mest truleg at Harald Hårfagre hadde Sogn som utgangspunkt då han starta rikssamlinga og la småkongedøma på Vestlandet under seg.

Harald Hårfagre var son til Halvdan Svarte og kone nummer to, som også heitte Ragnhild og var dotter til småkongen Sigurd Hjort på Ringerike. Då Halvdan Svarte køyrde gjennom isen på Randsfjorden og drukna, arva Harald Hårfagre m.a. Sygnafylket etter faren.

Harald Hårfagre hadde altså kongsmakt over Sogn då han starta rikssamlinga. Denne koplinga mot Sogn gjer det sannsynleg kong Harald starta rikssamlinga si frå Vestlandet, og ikkje slik den tidlegare historietradisjonen har meint; frå Vestfold. Helle ser det som sannsynleg at Harald Hårfagre kan ha gjort opptaket til skiping av Gulatinget som ein felles tingstad for alle dei stridbare hersane og bøndene på Vestlandet. I mange år etter at Harald Hårfagre starta samlinga av riket, gjorde han seg årlege ferder til Sogn på sommarstid.

Husabø vart adelsgods

Husabø-garden vart frå 1200-talet og i lang tid etter adelsgods, eigd av nokre av dei rikaste i landet.

Lem-familien inn på Husabø

I 1647 kom den belgisk-ætta Lem-slekta inn som eigarar av Husabø-garden med tilliggjande gardar på Systrond.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.08.2009