Hopp til innhold
X
Innhald

Konrad Sundlo

Konrad Sundlo.

Konrad Sundlo.

Konrad Sundlo (1881-1965) frå Kristiansand, busett i Leikanger. Offiser og nazi-fylkesmann. Oberst i den norske hæren 1933. Sjef for IR 15 Hålogaland og sjef i dette under invasjonen i 1940.

Medlem av Nasjonal Samling 1933. Rikshirdsjef frå hausten 1940. Arbeidde aktivt for å verve norske frivillige til Den Norske Legion i Waffen-SS. Innsett som fylkesmann i Oslo i åtte månader, før han i 1944 vart nazi-fylkesmann i Sogn og Fjordane etter den avsette Vidar Atne. Han sat i stillinga til krigsslutt i mai 1945.

Frådømd stillinga

I 1947 vart Sundlo frådømt stillinga som oberst og dømd til livsvarig tvangsarbeid for brotsverk under okkupasjonen. Han vart også dømd for ikkje å ha sett i verk militære tiltak før den venta tyske okkupasjonen av Narvik, og for å overlate Narvik og dei norske troppane der til fienden den 9. april 1940. Sundlo vart frikjend på punktet om forsettleg landsforræderi. Tre av åtte dommarar gjekk inn for å gje Sundlo dødsstraff. Han vart benåda i 1952.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.08.2011