Hopp til innhold
X
Innhald

Kraftforsyninga i Leikanger

Sygna Ullvarefabrikk hadde sitt eige kraftverk i Henjaelvi. Ukjend fotograf. Eigar: Sogn og Fjordane fylkeskommune/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sygna Ullvarefabrikk hadde sitt eige kraftverk i Henjaelvi. Ukjend fotograf. Eigar: Sogn og Fjordane fylkeskommune/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sygna Uldvarefabrikk A/L på Hermansverk bygde eit lite kraftverk i Henjaelva i 1912. Kraftverket var i bruk til 1943, og leverte også kraft til private abonnentar.

H.M. Knutsens Preserving

på Hermansverk bygde eit lite kraftverk i Henjaelva i 1917. Dette vart kalla «Hermansverk elektroverk», og leverte også straum til nokre få hus i nærleiken. Ein av abonnentane var handelsmann Mathias Dugstad (sjå: Kristoffer Kristofferson Aarskog). Kraftverket ved fabrikken var i bruk til 1952.

Kraftverk på Eitorn

På Eitorn vart det bygt to små private kraftverk - det eine vart bygt i 1935 av Eirik Eithun i Kolgrovi og var i drift til 1954. Det andre kraftverket i bygda vart bygt i 1942. Eitorn fekk straum frå det utvida forsyningsnettet i 1950.

Ålmennforsyning - kamp om fallrettar

Alt i 1912 vart det skipa ei kommunal nemnd som skulle planleggje kraftverk og elektrisk lys i Leikanger. Men dei kom ikkje så langt så lenge det vart tevling med lokale industrifolk om fallrettane i Henjaelva. Leikanger Ungdomslag stod hardt på i «kraftsaka», og fekk m.a. fylkesmann Ingolf Christensen og seinare overrettsakførar Einar Langberg inn i nemnda.

I 1913 hadde ein nær fått ein avtale om kjøp av falla i nedre del av elva, men det stranda til sist på usemje grunneigarane imellom. I staden vart det dei to private kraftverka ved Henjaelva som i lang tid skulle levere straum til kring 50 husstandar i den indre delen av bygda. Frå fylkesmannsgarden og vestover var det framleis straumlaust i mange år.

Desse lokale problema gjorde at Leikanger kommune i 1920 gjekk med i Gaulasamskipnaden - eitt av i alt tre interkommunale selskapa som skulle byggje ut kraftverk til ålmenn forsyning. Gaulasamskipnaden skulle byggje ut Gaula og forsyne Sunnfjord og Sogn innover til Leikanger, Sogndal og bygder i Luster. Men samskipnaden havarerte kort tid etter då dei økonomiske nedgangstidene sette inn.

Kraftlina frå Førde til Ørskog går gjennom Leikanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kraftlina frå Førde til Ørskog går gjennom Leikanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leikanger kommunale Elektrisitetsverk

Leikanger kommunale Elektrisitetsverk vart skipa i 1930, og bygde sin eigen kraftstasjon i Henjaelva.

Sognekraft

vart skipa i 1947 med seks kommunar i midtre og Indre Sogn som eigarar. Hovudkontoret er plassert i Vik. Selskapet har elles (i 2002) avdelingskontor med ingeniør-avdeling i Sogndal og dessutan ein mindre lokale base i Balestrand. Fram til 2001 hadde Sognekraft også kontor på Leikanger, der selskapet heldt til i 2. etasje på samvirkelagsbygget på Hanehaug.

Sognekraft fekk hovudproduksjonen sin frå kraftstasjonen i Årøy i Sogndal. Årøykrafta vart ikkje ført vidare vestover til Balestrand før i 1950, då fjordspennet ved Hella vart bygt.

Leikanger Kraftverk

I 2007 tok Sognekraft til å arbeide med planar om å byggje kraftverk ved Supphamar med overføring av vatnet frå Henjaelvi, Grindselvi og nokre sideelvar. Etter planen skal kraftverket gje ein årleg produksjon på 190 GWh, og utbygginga er kostnadsrekna til opp mot 500 millionar kroner. Leikanger kommune sa i 2009 først ja til ein avtale med Sognekraft, men trekte seg deretter. Det førde til at Sognekraft truga med erstatningssak.

Henjaelvi er ein del av prosjektet til Leikanger Kraftverk. Foto: Arne Stubhaug, NRK.

Henjaelvi er ein del av prosjektet til Leikanger Kraftverk. Foto: Arne Stubhaug, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.08.2011