Hopp til innhold
X
Innhald

Krigshistoria i Leikanger

Gravferda til Olav Rise, som  var motstandsmann i Leikanger under andre verdskrigen. Han vart teken av Gestapo, torturert i hel og lagd i ei massegrav i Bergen. Etter krigen vart han henta heim og vart gravlagd i heimbygda. Ukjend fotograf. Eigar: Svein Haugen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Veten på Hamre

Det eldste og raskaste måten å varsle ufred på i gamle dagar, var å tenne vetar.

Fange i den amerikanske borgarkrigen

Endre (Andrew) Pedersen Gjerde frå Leikanger var ein av i alt 120 norske utvandrarar som hamna i den illgjetne krigsfangeleiren Andersonville i Georgia.

2. VERDSKRIG:

Oberst Adlhoch var kommandør for 236. infanteriregiment og var stasjonert i Leikanger. Han budde på sorenskrivargarden.

Oberst Adlhoch var kommandør for 236. infanteriregiment og var stasjonert i Leikanger. Han budde på sorenskrivargarden.

Leikanger under krigsutbrotet

I alt 79 menn frå Leikanger vart mobiliserte ved krigsutbrotet den 9. april og sende til samleleiren på Voss, og det var innreia sjukestove i bedehuset.

Tysk stab på Leikanger

Etter at kampane i Noreg var slutt 10. juni 1940, organiserte tyskarane landet i sju forsvarsdistrikt. Sogn vart det første krigsåret tyngdepunkt i Sogn og Fjordane og lagt under kommandoen i Bergen. Staben for Sogn vart plassert på Leikanger med eit stabskompani på 214 mann som budde i brakker på Hamre. Men flest soldatar vart likevel plasserte i Lærdal og Sogndal. Sjefen, oberst Adlhoch, budde i sorenskrivargarden på Systrond fram til kommandoen vart avvikla i mars 1942.

Bombing og død på Hermansverk

Den 25. april vart Fylkesbaatane sin rutebåt «Gudvangen» bomba. Seinare same dag kom Fylkesbaaten «Kommandøren» til Leikanger, og dei tyske flya kom tilbake og gjekk til åtak.

Nazistane i Leikanger

Nazistane skifta etter kvart ut både folkevalde og tenestemenn i den norske forvaltninga med sine eigne folk.

Adolf Hitler vitja Sogn

Adolf Hitler (1889-1945) vitja aldri Noreg offisielt, men den 12. april 1934 vitja han Sogn ombord i det tyske krigsskipet «Deutschland».

Ungdom innkalla til arbeidsteneste på Hermansverk.

Ungdom innkalla til arbeidsteneste på Hermansverk.

AT-leiren i Henjadalen

Frå 1934 og under 2. verdskrig dreiv dei norske nazistane, Nasjonal Samling, såkalla Arbeidsteneste (AT) for ungdom.

Marin forskingsstasjon vart krigsflytta

Bergen Museum hadde eigen Marin forskingsstasjon på Herdla vest for Bergen frå 1922. I 1940 rekvirerte tyske tropper bygningane til forlegning, og i 1941 vart forskingstasjonen flytta til Leikanger. Her heldt to-tre vitskapsmenn til i eit tidlegare kontorbygg på fylkesmannsgarden til 1946.

Milorg-opprulling, tortur og drap

På førjulsvinteren 1944 kom Linge-mannen Ragnar Ulstein til Sogn og Fjordane for å byggje opp Milorg-grupper i fylket. I februar 1945 vart organisasjonen rulla opp, og fleire vart arresterte og torturerte til døde.

Jomar Lie (til venstre) og Erling Røysum med ein radio som vart brukt til ulovleg radiolytting under  krigen. Jomar Lie var politimann og vart arrestert av tyskarane, men slapp fri etter fire månader.

Jomar Lie (til venstre) og Erling Røysum med ein radio som vart brukt til ulovleg radiolytting under krigen. Jomar Lie var politimann og vart arrestert av tyskarane, men slapp fri etter fire månader.

Falne og omkomne frå Leikanger

Folk frå Leikanger i tysk fangenskap

Ubåten i Sognefjorden

Ein haustdag i 1972 strøymde verdspressa til Sogn. Grunnen var at det skulle vere observert ein framand ubåt i Sognefjorden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 10.08.2011