Hopp til innhold
X
Innhald

Kristian Knutsen - møbelfabrikk

Annonse for Kristian Knutsen Møbel & Trevarefabrikk.

Annonse for Kristian Knutsen Møbel & Trevarefabrikk.

Kristian Knutsen starta i 1923 møbelfabrikk på Hermansverk. Hovudprodukta var dører, vindauge og likkister. Fabrikken hadde på det meste 15 tilsette. Seinare gjekk produksjonen over til salongbord og hyttemøblar.

Sonen Knut Knutsen var med i drifta frå 1950-talet og fram til fabrikken vart lagt ned i 1965. Då starta Knut møbelforretning i lokala, og dreiv denne fram til 1977.

Knutsen kjøpte også bygningane etter den nedlagde hermetikkfabrikken Sognefjord Sardine Co. A/S på Hanehaug/Leikanger. Han selde kring 1970 eigedomen til Leikanger kommune, som seinare makebytte ein naboeigedom med kai slik at Sogn Samvirkelag (sjå Systrond Samvirkelag) fekk byggje eit 1.300 kvm. stort forretningsbygg på den rydda fabrikktomta.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.08.2011