Hopp til innhold
X
Innhald

Kristoffer Kristofferson Aarskog

Kristoffer Kristofferson Aarskog (fødd 1892) frå Fitjar starta landhandel og bakeri på Hermansverk i 1934. Her overtok han ein landhandel som hadde vore driven av Mathias Jonsson Dugstad (1856-1920). Seinare kom sonen Kåre Aarskog med i drifta.

I 1970 bygde verksemda nytt forretningsbygg, som vart utvida med tilbygg i 1987. I 1976 overtok K-senteret ved Kåre Navarsete i Sogndal daglegvarebutikken og dreiv den som filial til 1998. Då kjøpte Køff-kjeden (no Asko Vest) ut Navarsete sine butikkar i Hermansverk og i Sogndal. Den tidlegare Aarskog-butikken gjekk inn i Kiwi-kjeden, medan Sogndal-butikken vart Eurospar-butikk. Frå 2001 har Kiwi-butikken på Hermansverk også post-i-butikk-ordning.

I 1996 overtok Andor Orrestad som eigar og dagleg leiar av bakeriet, som no skifta namn til Aarskog Bakeri og Konditori AS. I 2002 har denne verksemda 10 tilsette.

I Aarskogbygget leiger elles O. J. Skjeldestad Bok & Papirhandel (sjå Skjeldestad Libris), fylkestrygdekontoret og fylkeslegen kontorlokale.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.06.2008