Hopp til innhold
X
Innhald

Lag og organisasjonar i Leikanger

Medlemer i Leikanger Skyttarlag poserer for fotografen ca. 1910. Det manglar namn på nokre av skyttarane, men karen i midten framme er Per Fosse, til høgre for han Jon Husabø. I andre rekkja er mannen lengst til venstre ukjend, deretter mot venstre står Nils Grinde, Olav Knutsen og Olav Eggum. Foto: Selmer Norland. Eigar: Magnhild Stadheim/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Her er nokre av dei mest markerte laga i Leikanger, opplista etter startår:

Leikanger Skyttarlag

vart skipa i 1876.

Leikanger har og har hatt eit rikt kulturliv. Dette er amatørskodespelarar som framførde lystspelet ”Kallane frå Oladalen” på ei Sognestemne på Knausen i 1952. Framme sit Astrid Henjum og Ivar Menes. Bak frå venstre Eldbjørg Kvåle, Ola O. Henjum, Brita Husabø, Alfred Moum, Synneva Bakke, Odd Christensen og Reidar Borlaug. Ukjend fotograf. Eigar: Ivar Menes/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ungdomshusstrid i Leikanger

Det første ungdomslaget på Systrond vart eit reint gutelag - Leikangers Gutasamlag, skipa i 1877. Etter hard strid om lokalisering vart ungdomshuset «Leikvang» bygt på Hermansverk.

Leikangers Gutasamlag

– sjå artikkelen Ungdomshusstrid i Leikanger.

Leikangers Ungdomslag

– sjå artikkelen Ungdomshusstrid i Leikanger.

Systrand Ungdomslag

– sjå artikkelen Ungdomshusstrid i Leikanger.

Bedehuset ved Strandavegen. Foto: Arild Nybø, NRK.

Bedehuset ved Strandavegen. Foto: Arild Nybø, NRK.

Leikanger kristelege ungdomslag

vart skipa i 1904. Bedehuset ved Strandavegen vart bygt i 1915 og vert i dag drive i eit samarbeid mellom fleire kristelege organisasjonar.

Syril stadion med klubbhuset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Syril stadion med klubbhuset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Syril - Systrond Idrettslag

vart skipa i 1906 og heitte i lang tid Leikanger Skilag.

Kjeringi Open

- sjå Syril - Systrond Idrettslag.

Fana til Hermansverk Tekstilarbeiderforening. Foto: Olav Reiakvam. © Fylkesarkivet.

Fana til Hermansverk Tekstilarbeiderforening. Foto: Olav Reiakvam. © Fylkesarkivet.

Leikanger Helselag

vart skipa i 1925. Etter krigen vart Leikanger Sjukepleieforening (sjå denne) slegen saman med helselaget. Den viktigaste oppgåva for helselaget var å få reist Leikanger aldersheim i Hatlebakkane på prestegarden i 1962. Bygningen husa også legekontor og helsestasjon. Helselaget tok seg av drifta dei første tre åra. Seinare vart aldersheimen utvida til sjukeheim, og helselaget har også bygd fleire eldrebustader kringom i bygda.

Leikanger Sjukepleieforening

vart skipa i 1925. I aprildagane 1940 innreia sjukepleieforeninga ei sjukestove i bedehuset for å ta imot såra norske soldatar. Leikanger Sjukepleieforening gjekk seinare inn i Leikanger Helselag.

Hermansverk Tekstilarbeiderforening

vart skipa i 1932.

Leikanger Husmorlag

vart starta i 1937.

Medlemer i Leikanger Husmorlag i samband med 30-årsjubileet i 1967. © Fylkesarkivet.

Medlemer i Leikanger Husmorlag i samband med 30-årsjubileet i 1967. © Fylkesarkivet.

Syrstrand Sportsfiskarlag

vart skipa i 1942. I 1957 vart namnet endra til Systrond jakt- og fiskelag. Laget låg nede i mange år før det i 1978 vart skipa på nytt. I 1979 vart namnet Leikanger jakt- og fiskelag. Laget har eiga leirduebane og lagshus på Kleppa.

Leikanger Bridgelag

vart skipa i 1947.

Røde Kors

skipa hjelpekorps i Leikanger i 1962 og besøksteneste i 1981.

Systrond Sogelag

vart skipa i 1993. Same året starta laget utgjevinga av historieheftet ”Systrendingen”.

Sarah Jane Hails var første leiaren i Sogn fjordsymjeklubb.

Sarah Jane Hails var første leiaren i Sogn fjordsymjeklubb.

Sogn fjordsymjeklubb

vart skipa i 2007 med Sarah Jane Hails frå Leikanger som første leiar. Fjordsymjarane i Sogn vart inspirerte til å organisere seg etter at briten Lewis Gordon Pugh i 2004 symde den 20 mil lange Sognefjorden frå Skjolden til havet. Seinare har det vorte skipa til Sognefjord Swim Festival i Leikanger.

Rikt musikk- og revyliv i Leikanger

- kor, folkemusikkverkstad og prisløna revy.

Leikanger Mannskor i 1975. Koret har i mange år spela ei svært viktig rolle i kulturlivet i Leikanger, ikkje m inst gjennom den årvisse Palmerevyen. Sitjande frå v. Sven Ole Fagernæs, Magne Rosenlund, Rasmus G. Værn, Lars Grinde, Olav O. Henjum, Odd Njøs, Trygve Fjøsne, Leif Henjum, Kjell Opheim, Ivar Buene.  Ståande frå v. Jens Liljedal, Henry Carlsson, Ragnar Loftheim, Arne Røyrvik, Oddvar Rosenlund, Magne Svidal, Bjarne Fedje, Ola A. Vestrheim, Rune Fitje, Terje Stokkenes, Ivar Lundheim, Kåre Haugen, Leif Christensen, Olav Handeland, Reidar Vangsnes, Erling Thorsnes, Ingemår Fosshagen, Per Aaberge, Odd Christensen, Svein Mardal, Kolbjørn Nord, Johan Lægreid, Eirik Husabø og Kjell Lunde.

Saften kulturhus

vart opna i 2009 i ombygde lokale i den tidlegare saftfabrikken til Lerum Konserves på Hermansverk.

Systrond Filmklubb

vart starta i 2011.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 29.03.2012