Hopp til innhold
X
Innhald

Laksefisket i Leikanger

Lakseverpe i Kålhamrane på Eitorn. Biletet er teke på 1920-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Ola A. Vestrheim/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Lakseverpe i Kålhamrane på Eitorn. Biletet er teke på 1920-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Ola A. Vestrheim/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På Hella står framleis ei lakseverpe. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På Hella står framleis ei lakseverpe. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fisket med sitjenot vart ei viktig attåtnæring - og ofte ei hovudnæring - for mange gardsbruk langs Sognefjorden frå 1830-talet. Det var folk frå Osterfjorden i Nordhordland som lærte sogningane å bruke sitjenot, og mange strilar leigde seg også plass for eigne laksenøter langs Sognefjorden.
I Leikanger var det sitjenøter - nemnt frå vest mot aust: Einehaldet, Hella, Ormebakkane, Kålhamrane, Kobbaneset, Stegane, Suppham, Valbrekka og Grauthaug på Njøs.

Ishus på Eitorn

På Vestrheim-garden på Eitorn var det ishus frå slutten av 1800-talet til fram på 1960-talet. Isen til dette huset vart henta frå ein dam som framleis heiter Isdammen. Ishuset tok imot laks frå dei fleste lakseverpa/sitjenøtene i området.

Innvalt i Sogn Laksestyre

Fram 1972 var det elveeigarane som hadde dominert i forvaltningsorganet Sogn Laksestyre, men dette året vart Ola A. Vestrheim frå Eitorn valt som den første leiaren som kom frå sjølaksefiskarane. Han var også oppsynsmann for laksefisket i Sognefjorden frå 1982 til 1987.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.08.2011