Hopp til innhold
X
Innhald

Landhandlar i Leikanger

Slik såg det ut inne i Jordalsbui på Hanehaug i tida rundt første verdskrigen. Eigaren Knut Jordal står midt på biletet, til venstre for han Åse Høium og til høgre Karl O. Rosenlund. Ukjend fotograf. Eigar: Hilde Marie Pedersen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Omtalane er ordna etter oppstartsår.

Handels- og gjestgjevarstader i Leikanger

Peter I . Fretheim

starta landhandel på Njøsasanden i 1884 - sjå: Hermansverk får hotell.

I dette huset heldt Johs. Husabø landhandel til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset heldt Johs. Husabø landhandel til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Johs. Husabø landhandel

Jon Ingebrigtson Fosse (1847-1917) starta kring 1900 landhandel på Hanehaug. Butikken vart lagt ned kring 1980.

Jens N. Henjum

starta i 1900 slakteri og kjøtforretning på Hermansverk. I 1943 overtok sonen Sigurd J. Henjum. Han bygde ny forretning i slakteri i 1952, og hadde fire personar i arbeid. Verksemda vart lagt ned på 1960-talet.

Ola P. Fosse

(fødd 1871) dreiv frå 1904 landhandel på Hanehaug, men flytta i 1909 til Vik. Sjå: Landhandlar i Vik.

N. J. Henjum

frå Hermansverk starta i 1921 som frukthandlar i Trondheim. Frå 1941 dreiv han også som godkjent grossist.

Her heldt landhandelen til Husabø & Henjum til. På folkemunne vart butikken kalla Skak-Nils-bui. Systrond Samyrkelag kjøpte butikken i 1962 og oppretta filial på Hermansverk. I dag er det  byggevareforretninga til Coop som held til her .

Husabø & Henjum landhandel

på Hermansverk i 1925 - sjå A/S Sogn Skibsbyggeri & Slip.

Aarskog-forretninga på Hermansverk

Kristoffer Kristoffersen Aarskog (fødd 1892)frå Fitjar starta landhandel og bakeri på Hermansverk i 1934.

Brødrene Grinde landhandel heldt frå 1951 til i dette huset. Foto: Arild Nybø, NRK.

Brødrene Grinde landhandel heldt frå 1951 til i dette huset. Foto: Arild Nybø, NRK.

L/L Brødrene Grinde landhandel

på Grinde vart starta i 1938.

Systrond Samvirkelag

opna forretning på Hanehaug/Leikanger i 1952, etter at det vart arbeidd frå 1940 for å få i gang eit samvirkelag i bygda.

Coop Indre Vestland

- sjå Systrond Samvirkelag.

Jenny Melås

starta i 1955 landhandel i Hagane øvst i bygda på Hermansverk.

Les meir om: Industri og næring i Leikanger.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Sist oppdatert: 02.08.2011