Hopp til innhold
X
Innhald

Leikanger Auto AS

Leikanger Auto. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leikanger Auto. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leikanger Auto AS bilverkstad vart starta på Hanehaug i 1973 av Bjarne Fedje. Seinare tok Edvard Borlaug og Kjell Geir Henjum over og dreiv fram til 1996 då sonen til Edvard, Frank Ivar Borlaug, tok over verksemda. Han bygde nytt verkstadbygg i 2003.

I nabobygget dreiv Geir Nygard ein karosseriverkstad i nokre år kring tusenårsskiftet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.01.2010