Hopp til innhold
X
Innhald

Leikanger kommunale Elektrisitetsverk

Trafostasjon på Njøs. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Trafostasjon på Njøs. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leikanger kommunale Elektrisitetsverk vart skipa i 1930, og bygde sin eigen kraftstasjon i Henjaelva.

Det kommunale kraftselskapet tok del i utbygginga av ein større kraftstasjon i Årøyelva i Sogndal frå 1941, då kommunen gjekk inn i Årøykraft.

I 1942 vart det bygt ein stor trafokiosk på Njøs. Dessutan vart den gamle krafttsasjonen i Henjaelva bygt om og fekk auka kapasitet. Det kommunale kraftselskapet vart i 1947 medlem i Sognekraft for å skaffe meir straum, og vart nedlagt og innlemma i Sognekrafødd 1982.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.08.2011