Hopp til innhold
X
Innhald

Leikanger kyrkje

Kyrkja i Leikanger er ei langkyrkje i stein frå om lag 1250.

Kyrkja er framleis i bruk som soknekyrkje for Leikanger. Den er ei av i alt fem steinkyrkjer frå mellomalderen som er tekne vare på i Sogn. Dei andre finn vi på Kvamsøy, Hove i Vik, på Aurlandsvangen og i Dale i Luster.

Kyrkja ligg ikkje så langt unna garden Husabø der ein reknar med at det låg ein gamal kongsgard. Kring 1660 fekk Leikanger kyrkje påbygd eit tårn som i 1668 vart utstyrt med fire små spir i kvart hjørne.

Leikanger kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leikanger kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mista mellomalderpreget

Kyrkja har seinare vorte restaurert og ombygt. Den største endringa skjedde i 1872 under arkitekt Chr. Christie, då kyrkjeskipet miste mykje av middelalderpreget ved at dei små vindauga mot fjorden vart bytte ut med store, rundboga vindauge. Samstundes vart kyrkjeromet utvida med eit kor, og det gamle koret vart ein del av skipet ved at den gamle korveggen mot aust vart riven og erstatta med ein rundboge mot det nye koret. Eit tregalleri på nordveggen vart rive. Det gamle kyrkjetårnet vart rive og bytt ut med eit høgreist, kvitmåla tårn. Den gamle altartavla frå 1606 vart bytt ut med ei tavle måla av Marcus Grønvold. Også anna interiør frå 1600-talet vart fjerna i 1872.

Tilbakeføring til mellomalderkyrkja

I 1927 gjorde sokneprest Sverre Daae opptaket til å få kyrkja restaurert og ombygt slik at den likna mest mogeleg på den opphavelege kyrkja. Arkitekt Johan Lindstrøm leia arbeidet. Han reiv det høge tårnet og reiste ein kopi av tårnet slik det såg ut i 1668. Vindauga i sørveggen på kyrkjeskipet vart også gjort mykje mindre. Den gamle altertavla frå 1606 vart henta frå De Heibergske Samlinger, restaurert og sett tilbake på altaret. Preikestolen frå 1606 og døypefonten frå 1600-talet kom også på plass att.

Preikestolen frå 1606. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Preikestolen frå 1606. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kopi av krusifiks

Det gamle krusifikset frå Leikangerkyrkja er frå 1120–1150, og er eitt av dei eldste i landet. Krusifikset hang i  Rinde stavkyrkje, som låg i Feios i dagens Vik kommune. Rinde stavkyrkje vart riven i 1866, og krusifikset vart flytta til Bergen Museum i 1865, etter ein prosess som tok til året før. Ein kopi er no hengt opp over korbogen i Leikanger kyrkje. 

I kyrkja heng elles fire portrett frå 1600-talet. Det eine er av presten Erik Iversøn Nordal, far til den rike presten Iver Erikssøn Leganger. Elles har kyrkja ein dåpskalk i sølv frå 1613, og ein oblatdisk er frå same tid. I tårnet heng ei klokke frå mellomalderen og ei klokke frå 1672. 

Forutan det sjeldne krusifikset, finst også ein relikviekross frå kyrkja i Bergen Museum. Ei utskora sol frå 1600-talet er teken vare på ved De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

Krusifikset som er ein kopi av krusifikset frå 1000-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Krusifikset som er ein kopi av krusifikset frå 1000-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Altartavla frå 1606. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Altartavla frå 1606. Foto: Ottar Starheim, NRK.


Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.01.2019