Hopp til innhold
X
Innhald

Leikanger Mannskor og Palmerevyen

Palmerevyen

Leikanger Mannskor vart skipa i 1925 med Alf Rosenlund som første dirigent. Seinare tok lærar og klokkar Olav Tveit over taktstokken fram til 1956. Frå 1960 til 1987 var Odd Njøs dirigent.

Palmerevyen

Mannskoret starta med dei kjende «Palmerevyane» kring 1960. Revyen har fått namnet sitt fordi den vert spela i palmehelga før påske kvart år. Dei populære revyane er kjende for gode å råkande tekstar, og aktørane er m.a. kjende fylkesbyråkratar som slår seg laus med ablegøyer på scenen. Leikanger Mannskor fekk Fylkeskulturprisen i 1996.

Ensemblet på Palmerevyen i 2005.

Ensemblet på Palmerevyen i 2005.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.08.2011