Hopp til innhold
X
Innhald

Leikanger Næringshage

Leikanger Næringshage deler sparebankbygget med Sparebanken Sogn og Fjordane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leikanger Næringshage deler sparebankbygget med Sparebanken Sogn og Fjordane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leikanger Næringshage vart opna i juni 2002 på Hermansverk. Opptaket vart gjort av Leikanger Næringssamskipnad.

Næringshagen er eit samarbeid mellom lokalt næringsliv og SIVA (Statens Industrivekstanlegg) for å byggje opp arbeidssplassar kring to fagmiljø - det eine plassert i Sparebanken sitt bygg på Hermansverk, og det andre i det såkalla «Gamle Hotellet» (eigd av Skald Forlag/Skald Eigedom). I bankbygget skal ein samle og byggje opp eit allsidig rådgjevings- og konsulentmiljø, medan ulike krative yrke skal samle seg i den gamle hotellbygningen.

I 2002 er det kring 35 personar sysselsette i verksemdene i næringshagen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.08.2011