Hopp til innhold
X
Innhald

Leikanger prestegard på Folkemuséet

Hovudhuset på Leikanger prestegard slik det tek seg ut på Norsk Folkemuseum. © Norsk Folkemuseum.

Hovudhuset på Leikanger prestegard slik det tek seg ut på Norsk Folkemuseum. © Norsk Folkemuseum.

På Norsk Folkemuseum på Bygdøy står eit vakkert herskapshus frå Sogn. Det er den gamle Leikanger prestegard. Huset vert også kalla for Thaulow-samlinga der det no står på Folkemuseet.

Rokokkobygning

Prestegarden vart bygt like ved middelalderkyrkja på Leikanger kring 1750. Huset er bygt i bergensk rokokkostil med svai-tak og er 31 meter langt og 14 meter breidt. Også fleire stover i huset er rokokkoprega, medan storstova er i empire. Kring 1820 vart storstova delt inn i fire mindre rom.

Prestegardshuset medan det framleis stod på Leikanger. © Norsk Folkemuseum.

Prestegardshuset medan det framleis stod på Leikanger. © Norsk Folkemuseum.

Prestekontor på loftet

Presten hadde kontoret sitt på loftet i andre etasje. På 1700-talet var prestegarden raudmåla, men vart kvitmåla på 1800-talet, slik moten då var. På garden var det elles ein mengd hus - m.a. eit bustadhus for paktaren og eit stort naust for ein seksæring og to andre robåtar. På ein knaus nede ved sjøen stod lysthuset.

Vakker prestegardshage

Hagen kring det vakre huset då det låg på Leikanger, var eit syn for seg: Prestegardshagen låg i kupert terreng med små bergknattar ned mot stranda og Sognefjorden. Her hadde m.a. gartnarkyndige prestar - mellom desse Harald Ulrik Sverdrup - planta sjeldne vekster som wellingtonia, tuja, californiske cedertre, skjelkranstre og valnøttre.

Henrik Wergeland overnatta

Henrik Wergeland overnatta

Ein av dei som vart imponert over den vakre og sjeldne prestegardshagen, var diktaren Hernrik Wergeland. På ei reise i Sogn i 1832 overnatta Wergeland i prestegarden på Leikanger og vart imponert over valnøttrea i hagen - (sjå også: Diktaren Henrik Wergeland frå Gulen-slekt). Presten den gongen var den kjende folkeopplysaren Niels Normann. Under opphaldet måla Wergeland også ein akvarell av «Fridtjofs gravhøi» - dvs. den store bautaen Baldersteinen som står i Baldershagen på Husabø.

Thaulow-museet vart redninga

Grunnleggjaren av Norsk Folkemuseum, Hans Aall, ynskte å få ein gamal norsk prestegard i samlingane sine på Bygdøy. Men å flytte eit av desse store embetshusa var svært kostbart, og Aall makta ikkje dette utan finansiell hjelp.

No ville tilfellet at han kjende tre systre i embetsfamilien Thaulow (opphaveleg dansk familie frå Jylland med namnet Tavlov). Dei ynskte i 1910 å finne eit høveleg hus på Folkemuséet for ei mengde gamle møblar og anna innbu som Thaulow-familien hadde samla gjennom tidene.

Nett på denne tida vart det vestanfjells avgjort at den gamle prestegarden på Leikanger skulle kondemnerast og rivast.

Dette sytte professor Carl W. Schnitler føre at det kom Aall for øyra. Aall overtala no dei rike Thaulow-søstrene til å koste riving på Leikanger og flytting av huset til Bygdøy. Materialane vart frakta til Bygdøy på ein gamal Sogna-jekt. På Bygdøy vart prestegarden innreia med luksuriøse møblar og anna utstyr frå Thaulow-samlinga - m.a. ei mengd familieportrett tilbake til tidleg 1600-tal.

Kring huset har ein freista å gjenskape hagen med ein flora som likna den som fanst i den gamle prestegardshagen på Leikanger.

Dette biletet av prestegarden er frå 1874. Vi kan legge merke til at Leikanger kyrkje ser heilt annleis ut enn i dag. I 1936 vart kyrkja ombygd slik at ho fekk tilbake mellomalderutsjånaden. Eigar av foto: Norsk Folkemuséum.

Dette biletet av prestegarden er frå 1874. Vi kan legge merke til at Leikanger kyrkje ser heilt annleis ut enn i dag. I 1936 vart kyrkja ombygd slik at ho fekk tilbake mellomalderutsjånaden. Eigar av foto: Norsk Folkemuséum.

Det spøkjer i prestegarden

Som så mange andre gamle embetsmannshus med respekt for seg sjølv, har også Leikanger prestegard sitt eige spøkelse. Nattevakta på Norsk Folkemuseum har fleire gonger sett ein skapnad gå ned trappa i det gamle huset, og vakthunden har fleire gonger nekta å nærme seg. Museumsfolka reknar med at spøkelset har flytta med huset då det i 1910 vart rive og flytte frå Leikanger til Oslo!

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.08.2011